
Vegard Aasen
Fjørevegen 22
6856 Sogndal
Hjemmeside: vegardaasen.com
Tlf: 91 16 15 33
Vegard Aasen er ein norsk fotograf og filmskapar med ein djup kjærleik for naturen og eit sterkt ønske om å formidle samspelet mellom menneske og natur. Fotografering har vore ein del av livet hans sidan han som tiåring oppdaga at mor sitt kompaktkamera kunne ta nærbilete av insekt. Denne openberringa – at kameraet kunne avdekkje ei verd av detaljar som auga hans ikkje såg – har aldri sloppe taket. Interessa utvikla seg raskt, og han begynte å fotografere fuglar, hjort, hønene i bakgarden og hunden til naboen – kort sagt alt som kunne krype og gå.
Som ungdom fann han gleda ved ski og klatring, og det vart naturleg å ta med seg kameraet på eventyra i fjellet. Denne kombinasjonen av friluftsliv og fotografering har sidan vore ein raud tråd i livet hans. Vegard blei introdusert for filmverda gjennom festivalfilmar på Fjellsportfestivalen i Sogndal og Ekstremsportveko på Voss. Medan han studerte, tok han småjobbar innan film og foto før han i 2016 valde å hoppe av masterstudiet i Climate Change Management for å starte Veri Media saman med ein kamerat.
Covid-19 i 2020 vart eit vendepunkt. Alle oppdraga forsvann over natta, og Vegard måtte finne nye vegar. Han nytta høvet til å gjere naturfotografering til ein ubetalt fulltidsjobb. Det var dette året som gjorde at han bestemte seg for å kombinere fotografering med naturvern og å finne ein måte å leve av det på. Dette er framleis målet, sjølv om forretningsmodellen ikkje har blitt straumlinjeforma endå.
Gjennom oppveksten lærte han mykje om naturen frå foreldra sine og tilbrakte utallige timar ute. No har han også tileigna seg inngåande kunnskap om klima- og naturkrisa, og han ser med uro på framtidsutsiktene for verda. Difor opplever han det som ei naudsyn å bruke ferdigheitene sine til å engasjere og påverke.
For Vegard handlar det ikkje berre om å ta vakre bilete, men om å fortelje historier som inspirerer til å verne naturen. Han jobbar tverrmedialt og nyttar artiklar, korte og lange filmar, journalistiske bilete og kunstfoto for å formidle bodskapen sin – og for å vise naturen som den kunsten den er.